Oleanna Brungot Dybvik

Eg heiter Oleanna, er 14 år (f.12.11 2005) og eg kjem frå Langevåg i Sula kommune.  Då eg gjekk i 3.klasse lærte eg bariton på kulturskulen. Kvar gang eg skulle på musikktime, måtte eg gå forbi bildekunstrommet for å komme til timen. Kvar gong eg gjekk forbi, såg eg inn på dei som satt og mala og følte veldig at eg hadde veldig lyst inn. Mamma ville melde meg på biletkunst på kulturskulen. Men der var det aldergrense og eg måtte gå i 5.klasse eller høgre for å bli med, i tillegg var det lange ventelister. Men det året eg begynte i 5.klasse (2015) fortalte mamma meg at eg hadde fått plass. Eg hugser forstatt kor glad eg vart da eg fekk vite det. Den første kunstlæreren min heiter  Mariann Sæbjørnsen. Ho viste meg allereie, på den første kunsttimen, korleis eg teiknar portrett betre. Sidan då har eg vore mest interessert i å teikne portrett. No er det Eva Hessen som er kunstlæraren min og ho har mellom anna lært meg å male portrett med akryl. 

 

 I 2018 deltok eg for første gang eg på UKM med eit bilete i akrylmaling som eg kalte for «Ballettdanseren». Eg kom ikkje vidare det året. I 2019 deltok eg  med eit sjølvportrett i acryl (40 cm*60 cm)  og eit portrett på A4-ark med gråblyantar. Eg kom videre med til fylkesmønstringa i Kristiansund, og deretter kom eg videre til landsmønstringa i Trondheim. 

 

Som person vil eg seie at eg er ein tålmodig, nøyaktig og ein kreativ person. Eg har alltid stått på for å lære meg det eg virkelig ønsker å lære, eg kan gjerne tegn eit portrett fleire gongar før eg føler at eg får det til eller blir fornøgd.  

  

 Å teikne for meg er som å komme inn i min eiga verd, der eg kan ta ein pause fra skule og andre ting som kan stresse meg.  

 


Drømmen

Draumen min er å bli så god til å teikne, at eg kan klare få fram dei peronelege særtrekka i eit ansikt. Å bli så god at når andre folk ser portretta mine, så ser dei med ein gong kven det er eg har teikna eller mala. Eit bilete som fasinerar og inspirerar meg, og som eg har prøvd å kopiere er Mona Lisa. Om eg vinn drømmestipendet kan eg tenke meg å bruke pengane på å reise til Paris for å sjå den ekte Mona Lisa. Å teikne og å male er kostbart, så eg kan også tenke meg å bruke pengar på meir og betre utstyr. Å ta privattimar hos andre kunstnarar er også ei moglegheit for meg å utvikle meg. 

 

Eg er berre 14 år og eg elsker å teikne. Eg leiter stadig etter nye ting å forbedre i portretta som eg teiknar. Om eg skal utdanne meg til kunstnar, veit eg ikkje. Eg synes kanskje eg er litt ung til å bestemme meg for det, men å teikne er ein stor og viktig del av meg, og å slutte med det er eigentlig heilt utenkeleg. 

 


Kategori: Visuell kunst

Sted: Sula, Møre og Romsdal

Nominert: 2020

Nominerte:

Oleanna Brungot Dybvik (født 2005)

Bilder: