Thomas Sævik

Eg er ein gut på 17 år som har trompet som hovudinstrument. Eg går i 2. klasse på Skeisvang vidaregåande, på musikklinja.

Musikk har alltid vore ein del av mitt liv. Eg song tidleg, og fekk min fyrste kornett då eg var 5 år. Den kosta 300 kroner og blei kjøpt etter at Stangalandskorpsene hadde rydda i instrumentlageret sitt. Eg fekk starta i aspiranten i Stangaland skulekorps når eg gjekk i 2.kl, og det var det luraste eg har gjort. Mor mi var korpssjef og kunne vise meg. Eg øvde kvar dag, og fann fort ut at eg kunne spela det eg ville. Då eg var 13 år fann eg ut at eg hadde absolutt gehør. Det gjer trompetspelet mitt veldig mykje lettare, av den grunn at eg kan identifisere alle lydar som tonar og vidareføra det direkte til trompetspel.


Eg har spelt i korps sidan eg starta i 2. klasse. Ei stund var eg også medlem i Førre skulekorps, i Tysvær. Dei trong ein kornett, og eg var medlem der i frå eg var 12 til eg var 16 år. Kvar dag brukar eg tid til øvingar, og har i fleire år betalt for ekstra øvingar i Stavanger med Åge Østrem. Nå er dette ein del av opplegget på Skeisvang, og eg reiser til Stavanger for å ha økter med Åge også nå. Dette har vore viktig for mi utvikling på instrumentet.

Då eg blei 14 år spelte eg meg inn i Rogaland ungdomskorps, og har vore medlem der sidan då. I tillegg er eg med i Rogaland ungdomssymfoniorkester. Det betyr at eg brukar mange av helgene mine til seminar med andre ungdommar i Rogaland. Eg har vore heldig, og fått vera med på mykje. Eg har spela i konfirmasjonar, i gravferder, konkurransar med skulekorps og med Stangaland Brass, på konsertar i kyrkjer og i festleg lag. Det å gå på musikkgymnaset er for meg fantastisk kjekt. Eg ser at musikk er det rette for meg.

Barokktrompetidolet mitt heiter Edward Tarr. Han er over 80 år gammal og eg møtte han for fysste gong på barokktrompetkurs på Universitetet i Stavanger. Det var eit heilt fantastisk kurs, som og var saman med blant anna Reinhold Friedrich, Odin Hagen, Neil Brough. Etter det kurset så var det heilt klart at eg måtte få min egen barokktrompet og begynne å spele meir barokktrompet. Akkurat nå har eg fått låne ein, men den må leveras tilbake før sommaren 2018, og då vil eg har min eigen.


Etter at eg har gjort ferdig gymnaset vil eg satse vidare på musikken. Eg har allereie hatt speletime med ein av Europas fremste trompetister som heiter Reinhold Friedrich frå Tyskland og eg har hatt speletime med Svein Henrik Giske og fleire som spelar i Sjøforsvarets Musikkorps i Bergen. Det at eg fekk spela med Reinhold Friedrich som for meg er eit av mine store forbilde har gjort at motivasjonen min er på topp. Eg har strenge rutinar på kor mykje eg øver kvar dag. Dei rutinane går på 3-4 timer kvar dag. Det går veldig sjeldan ein dag utan at eg brukar god tid på å øve, fordi det er det eg likar best i heile verda. Grunnen til at eg søkjer Draumestipendet er fordi det verkeleg hadde vore ein draum å få kjøpt ein barokktrompet. Då kunne eg utvikla og fortsett på det eg har starta på innan barokktrompetrepertoaret.


Drømmen

Draumen min er å framstille barokkmusikk for trompet i den mest reine form. Eg har lyst til å vise menneske som ikkje bryr seg om sjangeren kor fantastisk musikk det er.

Det første målet eg har sett meg er å komme inn på eit universitet på utøvande musikk. Eg har fysst å fremst tenkt at eg tar det eg får når eg søke. Eg skal prøvespille i Stavanger, Oslo, Bergen, men det er jo ikkje sikkert eg kjem inn der eg vil. Etter ein bachelor i utøvande trompet, så drømmer eg om å reise til Tyskland. Der vil eg studere barokktrompet.

Eg har eit mål om å få spela i eit symfoniorkester, og ha det som jobb. Eg vil og frilanse barokkrepertoar på barokktrompet saman med barokkorkester frå forskjellige land.  Akkurat nå prøver eg å spare til ein barokktrompet, då det er den sjangeren eg spelar mest. Det som eg likar med barokken er nostalgien i å spele noko som er 250 år gammalt. Det er litt spesielt for meg å spele barokkmusikk, det er frykteleg få som gjer det, og det er litt synd. Eg har som eit delmål å spele eksamenskonsert berre på barokktrompet på Skeisvang. Det kan bli veldig spennande, både på grunn av sjanger, men og instrumentet. Barokkmusikk blir ofte spela på piccolotrompet, men det har eg gjort i fleire år og treng derfor eit meir utfordrande instrument som faktisk er så nær som ein kan komme identisk som for 250 år sidan.


Pengane som forhåpentlegvis blir gitt te meg kommer eg til å bruke på å kjøpe min egen barokktrompet. Eg håper verkeleg at drømmen min oppfyllast.


Kategori: Musikk

Sted: Karmøy, Rogaland

Nominert: 2018

Medlemmer:

Thomas Sævik (født 2000)
trompet

På nett:

Arutunian - Intro - 2 sats
Haydn - 2. sats
Barokktrompet Konzert In D G. F. Telemann
Sarabande Et Riguadon Intro