Bilde av Agnes Andersen

Agnes Andersen

Mitt navn er Agnes Sesilia Andersen, 23år og kjem i frå Skjold i Vindafjord Kommune. Eg er oppvaksen i ein musikalsk familie, og har alltid hatt musikk rundt meg. Det var aldri så viktig for meg kva type sjanger eller kva instrument eg spilte. Allereie i femårsalderen starta eg i kulturskulen i Vindafjord, då med fiolin som hovedinstrument. Nokre år etter starta eg også i korps, og til slutt i 8.klasse startet eg med songtimar. Dette skulle vise seg å være det eg ønska å drive med. Gjennom musikklinja på videregående fekk eg ein større forståelse for og eit større ønske om å formidle musikk. Her hadde eg lærarar som inspirerte og utfordra meg. Eg starta også i kor når eg gjekk på vidaregåande, og kjærligheten for harmonier og samklang økte. Det var ikkje lenger min største interesse å stå på ein scene åleine, men å kunne være med å skape harmonier. Min interesse for musikken var så stor, og eg har aldri klart å holde meg innafor ein sjanger, alt i frå klassisk, storband, gospel og rock var noko eg lika å holde på med. Som artist har eg alltid følt på og alltid fått høyra at du finner din vei, du finner din sjanger, men eg ønska ikkje å finne den eine sjangeren. Eg hadde ønske om å kunne få jobbe fritt mellom disse sjangrene. Etter to år på Musikkfolkehøgskolen Viken studerer eg nå utøvende rytmisk musikk ved NLA Høgskolen i Oslo, og jobber kvar dag for å bli ein betre og meir allsidig sanger, ikkje sette begrensinger men jobbe for å skape muligheter.

Drømmen

Min drøm er å skape harmonier over heile verden. Det å kunne leve av å være korist for ein eller fleire kjente artister er ein drøm som bare blir sterkare og sterkare. Tanken på å stå på scenen med både norske og internasjonale artister gjør at eg ynskjer å jobbe hardt for å nå drømmen min. Eg har ein drøm om å lære av dei beste, kunne få muligheten til å være med på masterclass og sangtimer hos dyktige artister. Eg drømmer om å ein dag kunne stå på scenen sammen med mine største forbilder, både norske og internasjonale artister. Øverst på min liste med norske artister står Knut Anders Sørum, fra første gong eg hørte han live har eg drømt om å kunne være hans korist. Eg drømmer meg også ofte bort i tanken på å få lov til å være med på produksjoner som hver gang vi møtes eller stjernekamp. Tv-programmer med så utrulig mange ulike artistar og i så mange ulike sjangere, noko som absolutt er drømmejobben. Når eg står på scenen som korist handler det ikkje lenger om å være best men å være med skape den beste opplevelsen for andre. Det å være med på å gi ein opptreden det lille ekstra, det som gjør det til ein heilt magisk opplevelse er det som driver meg til å følge min drøm.

Kategori: Musikk

Sted: Vindafjord, Rogaland

Nominert: 2021

Nominerte:

Agnes Andersen (født 1997)

Lenker:

Løgn - Agnes Sesilia Andersen
Marionette - Agnes Sesilia Andersen