
Maren Pernille Vartdal Skjong
Mitt navn er Maren Pernille Vartdal Skjong og eg er 18 år gammel. Eg har vokse opp på Valderøya, og går siste året på musikklinja ved Ålesund Vidergåande Skule. Hovudinstrumentet mitt er trompet, men eg speler også piano. Då eg fekk ein kornett i hendene for første gang i seksårsalderen var det ingen veg tilbake. Musikk er utrulig viktig for meg, og er grunnen til at eg er den eg er i dag. Eg speler i både det lokale skulekorpset og det lokale voksenkorpset. Då eg var 12 byrja eg i Sunnmøre Ungdomsstorband, og då eg byrja på videregående blei eg med i Big Odd Band, leda av Odd Fossum. Å spele i storband gjorde at eg fekk ei veksande interesse for jazz. Og då eg byrja på videregående, skaut den interessa fart. I starten av 2022 tok eg initiativet til å starte ein jazzkvintett som no heiter "Tre over kvart på fem". Vi har gjort ulike speleoppdrag dette året, og det er absolutt noko eg vil gjere meir av. På videregåande fekk eg jazztrompetisten Kåre Nymark jr. som trompetlærar. Eg har spelt mykje med jazzpianisten Dag-Filip Roaldsnes i ulike samanhengar. Det er eg veldig takknemleg for, og har gjort at eg har fått utforska improvisasjon, og eg har lært mykje av han.