
Ester Aasland
Eigentleg skulle eg spele piano. Heilt sidan eg kunne lage lyd har foreldra mine dratt meg opp på kyrkjescenen på søndagane for å syngje, sjølvsagt akkompagnert av ein av dei. Det vart difor ikkje ei overrasking for nokon at eg søkte pianoundervisning i kulturskulen då eg gjekk i 4. klasse. Men eg kom ikkje inn, eg blei satt på andrevalet mitt: klarinett (som eg valte fordi det likna på ordet «klaver»). Eg hadde inga aning om korleis ein klarinett såg ut, eller kva lyd den laga, heller ikkje at halve budsjettet mitt ti år seinare skulle gå til fliser laga av bambus, eller at eg skulle bli så merkeleg interessert i pusting som det eg er i dag. Det andrevalet er det beste andrevalet eg nokon gong har tatt.
Eg var superheldig som byrja i kulturskulen tidleg. Frå fjerde- til sjuandeklasse hadde me ikkje så mange musikktimar på skulen. Fleire blei erstatta med søppelplukking, leiketimar og juleverkstad og sånt. Det eg hugsar frå de resterande timene var allsang til YouTubesangar, som fjerdeklassingane sjølv valde ut, og ei lang lydbok om Ole Bull. I sjuandeklasse klaga mamma. Etter det endte eg, som spelte klarinett i symfoniorkester, opp med å spele Lisa gjekk til skulen på blokkfløyte. Samtidig byrja mine matteflinke medelevar på åttandeklassepensum i mattetimen fordi dei trengte meir utfordring.
I niandeklasse skulle eg bli journalist. Eg elska å spele, men meinte eg hadde for gode karakterar til å velje ei linje som musikk. Eg var heller ikkje virtuos, slik som Ole Bull, eller like syltynn som sangarane frå YouTube i fjerdeklasse. Og utifrå det eg hadde forstått, betydde det at eg ikkje hadde ein sjanse. Heldigvis fekk eg berre andrevalet mitt då me skulle hospitere på vidaregåande skuler, og eg endte på musikklinja på Vågen vgs. Det er det nest beste andrevalet eg nokon gong har tatt.
No er musikk alltid fystevalet mitt.
Den beste tida på døgnet er klokka sju om morgonen. Då er det alltid ledige øvingsrom, og vaskepersonalet låser gjerne opp viss du gløymer nøkkel. Ein blir i særs godt humør av å varme opp før skulen starter. Du kjem liksom i di eiga boble. Det kan vere litt upraktisk, ettersom du gløymer klokka og sånt. Men dei aller fleste lærarane er ikkje såååå nøye på om du kjem akkurat på tida. Dei veit jo at du driv på med noko viktig, noko som er heilt nødvendig for utdanninga di.