Bilde av Brita Angeltveit

Brita Angeltveit

Hei! Mitt namn er Brita Angeltveit, eg er 23 år og kjem frå Stord. Gjennom oppveksten min har eg alltid hatt mange interesser, men til tross for dette har det alltid vore ei interesse som har stått sterkare enn dei andre: å utøve scenekunst. Mykje av fritida i åra som barn og ungdom vart dedikert til kor, dansekurs og lokale teater- og musikaloppsetjingar. Sidan eg er frå ein relativt liten stad i Noreg, og alltid hadde sett på kunst og teater som noko det berre var mogleg å ha som hobby, valde eg å byrje på lektorstudiet etter VGS. Likevel klarte eg ikkje å leggje frå meg draumen om å skulle halde på med det eg likte aller best, på fulltid. Etter eit år slutta eg på lektorstudiet og starta ei toårig musikkteaterutdanning på Bårdar Akademiet. No er eg ferdigutdanna musikalartist og går årsstudiet «Kommersiell formidling» med fordjuping i skodespel på same skule. I november og desember 2022 medverkar eg i førestillinga «Jul i Blåfjell» på Chateau Neuf. Eg har alltid hatt ei interesse for å skrive og skape. Under Oslo Fringe Festival 2022 medverka eg i to ulike førestillingar. Den eine heitte «Harry Potter: The Band Mimé Experience» som eg laga og framførte saman med teaterkompaniet Hellsprell, som eg er ein del av. «Kva tid-» var den andre førestillinga. Den har eg skrive sjølv, og eg var også med som skodespelar. Eg vart kåra til «Beste kvinnelege skodespelar/artist» under prisutdelinga til festivalen for å ha medverka i «Kva Tid-».

Drømmen

Draumen min er å kunne skape teater som er for alle, ikkje berre dei spesielt interesserte. Eg opplev at teater kan kjennast framand og snevert for nokon som ikkje held på med det, eller har ei form for relasjon til det frå før. Min draum er at fleire får auga opp for det vakre med teater: ein stad der ein kan le og grine saman med vilt framande folk, vel vitande om at det du har opplevd er heilt unikt, -då ingen førestilling er lik. Spesielt i ei tid der ein kan sitje heilt for seg sjølv og gjennom ein skjerm konsumere uendelege mengder underhaldning, trur eg teater er endå viktigare enn før. Eg meiner at teater er ein viktig møteplass, men for å halde det levande, trur eg at me treng eit breiare spekter av kva teater faktisk kan vere. Draumen er å kunne leve av å skrive og spele i nyskapande, underhaldande og samfunnsaktuelt teater som gjennom humor og alvor bringer alle slags typar av folk saman. Dette krevjar og at teater kan konsumerast i dei små krikane og krokane me har i Noreg, ikkje berre dei store byane, -noko eg vil arbeide for at i større grad skal bli mogleg. For å kunne klare dette ønskjer eg å kunne utvikle meg vidare som både manusforfattar og utøvar. Dette håpar eg på å få til gjennom kurs, utdanning, og erfaringa eg kan få av «å berre hoppe uti det» ved å skape og setje opp eige materiale.

Kategori: Teater

Sted: Stord, Vestland

Nominert: 2023

Nominerte:

Brita Angeltveit (født 1999)

Lenker:

Utdrag Teater Brita

Bilder: