Bilde av Anette Menes

Anette Menes

OM MEG: Eg heiter Anette Molland Menes og kjem frå Kaupanger i Sogndal kommune. Musikken har ikkje alltid spelt ei like sentral rolle i livet mitt. Eg syntest det var flaut å drive med musikk og det tok lang tid før eg var komfortabel på scena. Lenge følte eg at eg måtte gjere som andre og på ingen måte skilje meg ut. Det var ikkje før eg blei litt eldre og innsåg kor viktig musikken faktisk var for meg, og at eg bestemte meg for å ta det på alvor. Eg begynte så smått med å oppsøke musikalske tilbod i kommunen min og sidan har ballen rulla konstant. Alt frå korsong, UKM, musikalar og diverse spelejobbar. Eg kom også inn i Edvard Griegs ungdomskor. For meg var dette svært engasjerande og lærerikt. Det blei også ein arena kor eg kunne utvikle meg både som musikar og solist. Når vennane mine var ute å spelte fotball, blei eg gjerne igjen heime å øvde til neste konsert. Kjærleiken min for musikk og særleg klassisk musikk vaks seg større og større og eg drøymde stadig om å komme inn i eit musikkmiljø. Eg skjønte allereie som sekstenåring at eg ønska å flytte for å utforske dei musikalske draumane mine. Da eg kom inn på musikklinja på Firda VGs følte eg meg endeleg heime. Her fekk eg utvikla meg både som klassisk sanger, men også i andre sjangrar som jazz og soul. Blant mine inspirasjonskjelder og helter finn du klassiske songarar som Sumi Jo og

Drømmen

DRAUMEN MIN: Min draum er ikkje berre å kunne leve av musikken, men også å vere nyskapande. Som stor entusiast for samtidsmusikken har eg sjølv vore med på å framføre nykomponerte verk og stortrivest med dette. Desse verka skal også snart spelast inn. Å kunne ta den gamle klassiske songteknikken og gjere den om til noko nytt er noko av det mest spennande eg veit. Også å lage eigen musikk har lenge vore ein draum for meg. Eg søker drømmestipendet for å kunne realisere draumen min om å bli utøvande klassisk sanger og for å kunne fortsette å skape og dele ny musikk. Musikkmiljøet i Noreg er lite og mannsdominert, også i den klassiske verda. Eg meiner at dette må gjerast noko med. Derfor drøymer eg også om å styrke den kvinnelege representasjonen i norsk klassisk musikk og vise jenter at det ikkje er noko galt i å «gøtse», uansett kor vanskeleg det måtte vere.

Kategori: Musikk

Sted: Sogndal, Vestland

Nominert: 2023

Nominerte:

Anette Menes (født 2003)

Lenker:

Vàdoro Pupille av George Frideric Handel