Mitt namn er Eline Storheim, eg er 22 år gammal og studerar for tida orkesterdireksjon på Norges Musikkhøgskole med professor Ole Kristian Ruud.
Min musikalske reise starta når eg var 7 år. Då starta eg på piano i kulturskulen på Manger. Når eg blei 9 år var eg endeleg gamal nok til å starta i skulekorpset og starta å spele euphonium. Dei to instrumenta har vert med meg heilt siden da frem til idag.
Det var fyrst når eg starta på musikklinja på Bergen Private Gymnas eg oppdaga gleda med å dirigere. Moglegheita å bringe saman musikarar og å faktisk kjenne musikken me skaper i hendene. Heilt frå det fyrste oppslaget med skulekoret var eg trollbundet.
Når eg var ferdig på videregåande valgte eg difor å søke meg inn på dirigentlinja på Toneheim Folkehøgskule. Der hadde eg høyrt at fleire norske dirigentar hadde starta si karriere, dette gjorde eg lurt i. Ikkje bare fekk eg fantastisk undervisning frå dyktige lærarar, men eg blei kjent med så utrolig mange flotte musikarar som eg fekk moglegheita til å skape musikk med. I løpet av det året søkte eg meg inn på bachelorstudiet i orkesterdirigering på Norges Musikkhøgskole. Det var over 50 stk som søkte seg inn det året og eg var ein av tre som fekk studieplass.
Drømmen
“A concert I will remember for the rest of my life. Never have i seen such a emotional and powerful interpretation of Tchaikovsky's 6th Symphony” - Van-Magazine
“Norwegian conductor Eline Storheim announced as the new Chief Conductor of BBC Symphony Orchestra“ - Gramophone
“An extraordinary start of the year as Eline Storheim leads Vienna Philharmonic´s into a new year. Her charisma and musical will, is something for the ages. Rarely have the champagne-galop been played with such a ‘pop’” - New York Times
Dette er ein del av draumen min. Å få lov til å reise verda rundt og skapa magiske augeblikk saman med dei fremste orkestrene. Skapa opplevninger og minner for både publikum, musikerene og meg sjølv som kan vær med å forme andres liv til det betre. For å ha moglegheiten til å kome nærmare draumen min er det mange ting eg må lære, utvikle, observere og reflektere.
Eit av hovudproblemene som dirigent er at ein ikkje får øvd utan musikere å dirigere. Det å studere inn musikk for å så få moglegheita til å skape den saman med musikere er det viktigeste læringsverktøyet me har. Difor treng eg å reise på direksjonsmasterklasser med dyktige musikere og dirigenter som kan rettleia meg i den retninga eg har som mål. På den måten får eg óg knytta kontakt rundt i dirigentverda som kan skape fleire moglegheitar framover.
Ein anna ting som óg er utroleg lærerikt er å sjå på andre dirigentar jobbe. Eg går så ofte eg kan i konserthuset når Oslo Filharmonien har øvingar og ser/høyrer korleis dirigentar arbeider med dei. Dette er noko eg har lyst å reise rundt å gjer meir av.
Eg ynskjer óg veldig gjerne å reisa å ta einetimar med dirigentar. Dette vil gje meg moglegheiten til å få snakket om musikk, tradisjoner, tekniske utfordringer, og interpretasjon med dei som er der eg ynskjer å vær.
Masterclasser, reising, og einetimar er noko som kostar mykje pengar, og eg håpar at drømmestipendet kan hjelpe meg å finansiere delar av dette og at eg dermed kjem mykje nærmare min draum om å verta dirigent.
Dirigering er noko av det mest mystiske og særskilte når det kjem til musikk, og min draum er å lære meg dens hemmelighetar.