Bilde av Sara Rose

Sara Rose

Musikk har alltid vore ein stor del av livet mitt. Frå eg var ei lita jente og song av full hals til Fleetwood Mac sitt album «Rumours» i baksetet av bilen, til å bli vaksen nok til å forstå kvifor den musikken gav meg så mykje. Musikk er det eg driv med, anten det er gjennom lytting, skaping eller utøving. Eg ser på meg sjølv som vokalist, pianist, gitarist og låtskrivar. Eg er 1. årsstudent på bachelor i utøvande rytmisk musikk ved NLA Høyskolen i Staffeldstgate, og vier elles all mi tid til duo-prosjektet mitt «Sara Rose». I lag med kjærast og gitarist Gjest Kvåle (22) jobbar eg no med eit album med 10 låtar som eg har stor tru på. Vi skriv tekst og melodi i lag. Sjanger messig har vi eit akustisk uttrykk med element frå singer-songwriter/folk/americana/country og pop. Gjennom oppveksten vart eg eksponert for musikk frå 60-70-tallet. Noko av den finaste musikken eg veit vart laga på den tida, ei tid der det ikkje fantes pro tools eller auto-tune, slik som i dag der imperfeksjonar kan fiksast, og blir fiksa. Eg ser ofte tilbake til den musikken for å finne inspirasjon til eigen musikk. Eg er oppteken av uttrykket og formidlinga, samt ein god tekst og melodi. Det er viktig for meg å formidle noko «ekte» i musikken – og no gjennom albumet eg jobbar med. Sommaren 2021 starta eg å spele inn vokal og piano, samt ulike strenginstrument på låtane i lag med Gjest i Sogndal, hjå Sognalyd-studio. Eg har no gjort avtalar med fleire profesjonelle musikarar som skal spele på albumet og Phatcat Studios i Moss er booka for innspeling på nyåret. For å få realisert akkurat det lydbildet eg drøymer om, treng eg i tillegg profesjonelle folk til produksjon, miksing og mastering. Eg har så mange tankar og idear rundt produksjon og eg kjenner det boblar inn i meg av glede, motivasjon og driv til å jobbe med prosjektet. Men, albuminnspeling er dyrt - særlig utan noko plateselskap i ryggen. Det inneber utgifter som leige av studio/lydteknikar, honorar til musikarar, miks og mastering m.m.

Drømmen

Vokalist og låtskrivar James Taylor skal ha sagt: "Eg trur musikarar har ei plikt, eit ansvar for å nå ut og dele sin kjærleik og smerte med andre." Eg kjenner ofte på eit overveldande behov for å uttrykke meg. Det går så mange tankar og kjensler gjennom meg at eg ikkje alltid veit kor eg skal gjere av meg. Då er ofte det einaste som fungerer å sette seg med gitaren eller pianoet og skrive. Eg treng å lage musikk for å få kontakt med kjenslene mine og drøymar om at dei rundt meg også finner glede, håp og trøst i musikken min. Med dette albumet, ynskjer eg å formidle opplevingar frå dagleglivet på godt og vondt, for truleg er det mange der ute som kjenner på akkurat det same. Eg drøymar om at albumet vert gitt ut i 2022 og at det vil opne dører for eit liv i musikkbransjen. Eg drøymer om at «Sara Rose» kan reise ut på Norgesturné så fort det er mogleg med dyktige musikarar som også føler, tenker og lever musikk. Eg drøymer om å spele på nye scener kvar dag som Parkteateret i Oslo, Studentersamfunnet i Trondheim eller Operahuset i Nordfjord. Eg drøymar om travle somrar med reising og seine kveldar grunna festivalspeling rundt omkring i Noreg og kanskje også utlandet. Eg drøymer om livet som artist der nye inntrykk og opplevingar i kvardagen stadig vert tilført. Eg drøymer om ein evig inspirasjon så eg kan fortsette å lage musikk og utvikle meg og mitt musikalske uttrykk.

Kategori: Musikk

Sted: Fjaler, Vestland

Nominert: 2022

Nominerte:

Sara Rose Zadig (født 2001)

Lenker:

Liveopptak -

Bilder:

Mediafiler:

4 songtekster