Sina Amalie Hauge

Eg elskar å spele. Frå den første øvinga, då alt verker umogleg, til det blir framført på konsert, og eg får ei fantastisk mestringsfølelse. Spelegleda er der uansett.

Eg heiter Sina Amalie Hauge. Eg er 15 år og kjem frå Stord. I Stord kulturskule speler eg klarinett. Det gjer eg også i Stord skulekorps, Stord musikklag og HUK (Hordaland Ungdomskorps). Eg byrja å spele klarinett då eg var ni år. Då kom det representantar frå skulekorpset til trinnet vårt. Dei spelte for oss, og let oss prøve instrument. Eg vart raskt rive med, og nokre veker seinare fekk me brev i posten frå skulekorpset. Til tross for stor motstand frå mamma og pappa, fekk eg kjempa meg til å byrje. Eg val klarinett, rett og slett fordi det var det finaste instrumentet. I ettertid har eg ikkje angra eit sekund. No den eldste klarinettisten i skulekorpset. Det gir meg meir ansvar enn før, men det er veldig kjekt.

I sjuande klasse byrja eg på klarinett i kulturskulen, som ikkje hadde hatt det tilbodet før. I kulturskulen har eg Vebjørn Sæther som spelelærar. Der får eg utfordra meg på ulike sjangrar, men min favoritt er klassisk. I haust starta kulturskulen eit fordjupningsprogram for dei som har kome lengst i musikken. Der speler me i ensemble på tre og tre. I saman med ensemblet speler me på ulike små og store arrangement på øya. Fordjupningsprogrammet har også gitt meg moglegheita til å opptre meir sjølv, som eg synest er veldig kjekt. Det gir god trening å spele på ein stor scene.

I niande klasse byrja eg i Stord musikklag. Det er det einaste janitsjarkorpset for vaksne på øya. Der speler me alt frå klassisk- til storband-musikk, og det er veldig gøy å spele anna type musikk enn den me speler i skulekorpset.

Eg prøvespelte for HUK våren 2017. No har eg spelt der ein haust, og liker godt å spele i lag med andre musikantar frå heile fylket. I HUK er det høgare nivå på stykka, og eg merkar allereie framgang i spelinga mi.

No speler eg meir og meir. Musikken har blitt ein stor del av livet mitt. Det er øvinga eg ser fram til gjennom lange skuledagar.

Det største forbildet mitt er Martin Fröst, og eg håper på å høyre fleire konsertar av han i framtida, og kanskje plukke opp nokre triks og teknikkar frå den fantastiske spelinga hans.


Drømmen

I vår skal eg søke på musikklina ved Stord vidaregåande skule. Etter det ønskjer eg å spele i garden, ettersom det ser veldig kjekt ut. Så vil eg prøve å ta ei utdanning innan musikk, og studere klarinett. Om eg helst vil bli spelelærar, profesjonell musikar i korps eller orkester, eller kanskje solist, har eg ikkje bestemt meg for. Men å spele Mozart sin klarinettkonsert med eit profesjonelt orkester, er nok den aller største draumen eg har, ettersom orkestermusikk er det finaste eg veit, og klarinettkonserten til Mozart er eit av dei finaste stykka som er komponerte for klarinett. 

 Men så lenge eg kan jobbe med å spreie musikkglede, for både musikkinteresserte og dei som ikkje er det, kjem er til å vere veldig fornøgd. Det eg vil oppnå med spelinga mi, er at fleire skal bli engasjerte i musikk, og utforske fleire sjangrar enn berre den moderne musikken.

 Det hadde vore ein draum å få jobbe med hobbyen min. Og sidan notespråket er det same over heile verda, hadde det vore interessant å spele i korps og orkester i utlandet, det er noko eg har veldig lyst å prøve. I mellomtida vil eg fortsette å spreie musikkglede i lag med andre og aleine i nærmiljøet mitt. Eg vil også jobbe for å få stopp på fordommane mot korps, som møter meg og andre korpsarar dagleg.

Musikk er fantastisk, og eg er utruleg glad i hobbyen min.

Om eg fekk Draumestipendet, ville det teke meg betydeleg store steg nærmare draumen min. Med det hadde eg endeleg hatt nok til å kjøpe min eigen klarinett, som eg har ynskja meg og spart til veldig lenge. Eg trur det kunne betra spelinga mi, og ikkje minst inspirert meg til å nå draumane mine.


Kategori: Musikk

Sted: Stord, Vestland

Nominert: 2018

Nominerte:

Sina Amalie Hauge (født 2002) Klarinettist

På nett:

Sina Amalie Hauge, Fantasistykke av Carl Nielsen
Sina Amalie Hauge, Andante av F. Mendelsshon